Atle Frøysland

Frøysland støttar Holst

Situasjonen i elvane i Sunnfjord så langt i sesongen stemmer veldig godt med det havforskar Jens Christian Holst har sagt om korleis utviklinga for villaksen vil bli på Vestlandet. Ifylgje Atle Frøysland i Norsk Villakseforvaltning kjem det som venta opp mykje stor laks.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Atle Frøysland i Norsk Villaksforvaltning støttar Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet si forsking som viser at tilhøva i havet har stor innverknad på situasjonen for villaksen.

Tilhøva i elvane Nausta og Gaula i Sogn og Fjordane der Frøysland jobbar med lakseforvaltning viser ei svært god utvikling når det gjeld mengda storlaks, og det stemmer godt med det Holst har sagt vil skje med villaksen på Vestlandet.

- Vi har ingen klare fangstrapportar som føreligg enno, men evalueringa som er gjort no midt i sesongen vise at det ser svært lovande ut når det gjeld både innsig og fangstar. Så langt er det meir laks i enn i fjor, og spesielt så ser vi mykje storlaks, både i Gaula og Nausta, seier Frøysland til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Men han understrekar at den endelege evalueringa ikkje kan gjerast før sesongen er over.

Jens Christian Holst

Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet har hevda at dei dårleg mattilhøva i havet medfører at lite smålaks vender attende til elvane på Vestlandet. Den blir ståande i havet i fleire år, for så og komme attende som mellomstor og stor laks. Han får støtte frå Atle Frøysland i Norsk Villaksforvaltning som føl nøye med situasjonen i elvane.

Også ein del smålaks

I Nausta har dei fanga mykje laks på mellom sjuk og opp mot ti kilo, og ifylgje Frøysland dette er veldig bra i den elva, men når det gjeld smålaksen er ikkje alt like positivt.

- Vi har også litt innsig av smålaks på rundt kiloet som viser tydeleg teikn på at det har vore lite mat for denne fisken ute i havet. Ein del av den har ei lengde som skulle tilsei at den var mykje større enn den faktisk er, seier Frøysland.

- Holst har rett

Så langt meina Frøysland at viser dette at prognosane til Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet stemmer godt. Han har hevda at mattilhøva ute i havet ville gi lite smålaks som vender attende til elvane. Den vil heller bli ståande i havet i fleire år, for så å komme attande som mellomlaks, eller stor laks.

- Samlekvotar er løysinga

Ifylgje Frøysland er dette eit bilete som ein ser i dei fleste elvane, både i Sogn og Fjordane og i ander fylker på Vestlandet, men han meina føremona for Nausta og Gaula er at dei har hatt samlekvotar på laks over tre kilo slik at ein har ivaretatt gytebestanden, kanskje betre enn i mange andre elvar i fylket.

- Modellen med samlekvote på stor laks har gjort at vi har nått gytebestandsnivået med god margin over fleire år, og dette er med å sikre bestanden i periodar med dårleg lakseinnsig. Fangsstatistikken i Nausta dei siste åra viser at dersom vi hadde avliva mykje storlaks i perioden frå 2007 til 2010, så hadde vi ikkje klart å oppretthalde gytebestanden., seier Frøysland.

Viktig å vere føre var

Han meina dette handlar om å ver i førekant når det gjeld fastsetting av kvotar, og då må ein vite kor mykje holaks ein har behov for i elvane etter at fisketida er over, og så må ein vite noko om tilhøva i havet og kor mykje mat det er til fisken.

- Dersom vi ikkje sikra storlaksen i dårlege år, så vil det ha negativ innverknad på situasjonen for villaksen, seier Frøysland til slutt.