– Gledeleg satsing på det marine

Masterplanen for marin forsking peikar definitivt i rett retning, seier administrerande direktør Tore Nepstad ved Havforskingsinstituttet på deira heimesider.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

–Det er gledeleg å sjå at Regjeringa satsar på dei uante mogelegheitene som ligg i havet, legg Nepstad til.

For Havforskingsinstituttet peikar denne planen ut retninga framover.

 - Styrka ressursforsking, internasjonalt samarbeid, nasjonalt samarbeid om forskingsinfrastruktur og klarsignal til å sjå på samlokalisering av dei marine forskingsmiljøa i Bergen er alle klare signal om kor vi skal, seier Nepstad på Insituttets heimesider.

Masterplanen som vart lagt fram av Statsministeren og Fiskeriministeren i Tromsø i dag inneheld ei klar melding om at Regjeringa er oppteken av å auke verdiskapinga frå havet. Akvakultur står sentralt i ei slik utvikling. Det gjer også biomarine næringar.

–Havforskingsinstituttet si rolle som kunnskapsleverandør til forvaltinga er tydeleg. Regjeringa har spissa sine forventningar til heile vår organisasjon. Det er utfordrande og inspirerande, seier Nepstad.