Oslo:Fredag presenterte stiftelsen Bocuse d'Or Norge dei seks kokkane som skal konkurrere om å få delta i Bocuse d'Or i Lyon, Frankrike i februar 2007. Norsk kveite og kongekrabbe er valt ut som råstoff til konkurransen, noko som vil gi svært god marknadsføring av produkta og av Noreg som sjømatnasjon.
Frå venstre Bjørn Cameron, Erling Sundal, Sven Erik Renaa, Gunnar Hvarnes og Kari Innerå. (Geir Skeie var ikkje til stade)
Foto: Kari Johanna Tveit
Kokkane som kjempar om å representere Noreg i Lyon, er: Kari Innerå, Gastronomisk Institutt i Stavanger, Sven Erik Renaa, GI Stavanger, Erling Sundal, Flavours Oslo, Bjørn Cameron, Flavours Oslo, Geir Skeie, Skarsnuten Hotell i Hemsedal og Gunnar Hvarnes, Brasseriet Hansken, Oslo. Sjølve konkurransen føregår på Storhushaldningsmessa på Lillestrøm, i februar i 2006. Norsk råvarer og norske kokkar Kokkekonkurransen Bocuse d'Or vart etablert i 1987 av Paul Bocuse og messearrangøren "Sepelcom" i Lyon, Frakrike. Målet med konkurransen er å marknadsføre unge internasjonale kokker gjennom eit uoffisielt kulinarisk verdsmeisterskap i kokkekunst. Meisterskapet samlar kjøkkensjefar og pressefolk frå heile verda. Norske råvarer har vore på menyen tre gongar tidlegare. Det var i 1997 med skrei, i 1999 med kamskjel og sei, og i 2003 med aure. Vi har også vunne konkurransen tre gongar. Bent Stansen gjekk av med seieren i 1993, Terje Ness i 1997, og Charles Tjessem i 2003. Fisken for store anledningar Både kongekrabbe og kveite er rekna som nisjeprodukt med lite volum og høg pris. At det er desse produkta som skal vere med i Bocuse d'Or vert difor oppfatta som svært positivt med tanke på den marknaden ein ønskjer å nå fram til. -Kveite er fisken for store anledningar, og deltaking i Bocuse d'Or gir oss ein unik sjanse til å få produktet ut i restaurantane i Europa, seier Nina Møgster i Marin Harvest til kyst.no. Møgster trur også at produsentane av kongekrabbe og kveite bør vurdere eit samarbeid om marknadsføring av produkta.