Godtek ikkje oppdretts-nei
- Det er uakseptabelt at høgare styresmakter no seier nei til oppdrett etter ein plan dei ikkje har protestert mot, skriv Fedje kommunen i eit brev til Hordaland fylkeskommune.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Grunnen til brevet er avslag på oppdrett på ein lokalitet i kommunen sin godkjende arealplan, som ingen instansar har protestert på- oppdrett på Tedneneset/Hjeltevarden. Fylkesmannen sa ja. Mattilsynet har sa ja og Fiskeridirektoratet har sagt ja, melder Strilen.
- Kommunen ser det derfor som ein fordel å ha store nasjonale aktørar i næringslivet vårt. Vi ønskjer at Marine Harvest får etablera seg på Fedje og bidra til vidare utvikling av det lokale næringslivet, lyder vedtaket.
Problemet no er Kystverket ikkje likar at anlegget skal koma i grøn sektor og eit losbordingsområde, men då kommuneplanen var på høyring, kom det ingen merknad.Tidlegare i haust frårådde Kystverket likevel den konkrete søknaden.
Fylkeskommunen som siste instans har no gitt avslag. Det skjer sjølv om fylkeskommunen i avslaget stadfestar at søkjarane har lagt vekt på å planleggja sin aktivitet i samsvar med kommunen sin godkjende arealplan.
- Med dette avslaget vil Fedje kommune verta avskoren frå å kunna dra i gang nye næringsaktivitetar. Me er redde for at denne saka fort kan påføra kommunen nye tap og vanskar, heiter det i brevet underteikna rådmann Vidar Bråthen og plan- og utbyggingssjef Øyvind Tolleshaug.