Gründerar fekk kontrakt med Statoil

Bacalaofabrikken AS som vart etablert for to år sidan, sel fryst halvfabrikat bacalao på boks til daglegvarekjedane. No har dei fått innpass på Statoil sine oljeriggar i Nordsjøen, melder NRK.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Produksjonslokala til Bacalaofabrikken AS ligg på Festøya utanfor Ålesund og har i dag fem tilsette. Bedrifta leverer både til Norgesgruppen og Coop, men avtalen med Statoil er det første oppdraget innan storhushaldning.

Gründerbedrifta i Ålesund fekk til avtalen etter at representantar frå Statoil smakte på bacalaoen deira på Matfestivalen i Ålesund i fjor. Dei likte det dei fekk og det vart etablert kontakt med sentrale personar i oljeselskapet. - Vi har vore kjerringa mot straumen. Medan små aktørar slit for å få hylleplass hjå dei store, har vi blitt tekne vel imot, seire marknadsansvarleg Torstein Sunde til NRK  Klar for utlandet No er gründarane klar for å erobre marknadar i Tyskland og England.