
Grunneigarane i Lærdal vil vente med laksefiske
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil opne for laksefiske i Lærdalselva, men grunneigarane i Lærdal elveeigarlag stretar imot, fortel NRK Sogn og Fjordane. Dei vil ikkje ha fiske på mange år enno.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Me tykkjer det er så lite laks att i elva no, at me ikkje vil ta opp siste lærdalslaksen. Og me vil ha ei lita laksestamme att i elva, seier formannen i Lærdal elveeigarlag, Lasse Sælthun, til NRK Sogn og Fjordane.
24. oktober 1996 vart det oppdaga gyrosmitte i Lærdalselva. Året etterpå vart elva behandla med rotenon. Tiltaket er omdiskutert, og det har møtt motstand frå mellom anna Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.
Seinare har aluminiumsbehandlingar gjeve resultat, og på dei to siste prøvane som er tatt i elva, er laksedreparen Gyrodactylus salaris ikkje påvist .
Men Lasse Sælthun i elveeigarlaget meiner det ikkje er nok fisk til å opna elva.
- Det er ikkje noko å fiska etter. Å opna for fiske no, vil vera dårleg marknadsføring ettersom elva nesten er tom for fisk, seier Sælthun til NRK. Han meiner elva først er klar for ordinært fiske om fem-seks år.
I fjor vart det berre registrert 73 laks under lakseteljinga på hausten, trass i at det ikkje vart fiska på sommaren. Det viktigaste vert dermed å unngå utrydding, meiner Sælthun.
Elveeigarane vil aller først føla seg noko lunde trygge på at gyroen er vekke. Så er det tid for å byrja eit gjenoppbyggingsarbeid.