
Handsamar avslaget i slutten av august
Klagen frå dei to torskeoppdrettarane i Troms som fekk avslag på sine konsesjonssøknadar i vår, vert handsama i slutten av august. Men det kan likevel ta lang tid før endeleg vedtak vert fatta.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Tidlegare i år gav Fiskeridirektoratet i Troms avslag på tre søknadar om torskekonsesjon i Storfjord og i Lyngen i Troms. Havforskingsinstituttet sitt innspel om kriteria for utvikling av torskeoppdrett vart lagt til grunn for avslaget. Søkarane klaga avslaga inn til Fiskeridirektoratet i Bergen som vil handsame desse i slutten av månaden. Men saka vil ikkje vere avslutta med dette. -Eg vil ikkje uttale meg om dei konkrete sakene, men eit vedtak her hjå oss vil ikkje vere endeleg. Dei tre søknadane har ikkje vore handsama hjå særlovsmyndigheitene, og må eventuelt på ei runde til desse instansane før eit endeleg vedtak vert fatta, seier fiskeridirektør Peter Gullestad i Fiskeridirektoratet til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Seksjonssjef Anne Karin Natås ved kyst og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet vil heller ikkje uttale seg om dei konkrete sakene, men seier til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no at klagen vert handsama når sakshandsamar Anne Mette Haugan er attende frå ferie i veke 34.