
Havbruk som humanitært tiltak
Marø Havbruk og andre bedrifter på Svanøy i Flora kommune i Sogn og Fjordane lærer folk frå Malawi å drive med oppdrett.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit
Malawi er eit av dei fattigaste landa i verda og mangelen på proteinrik mat er stor. Difor har Fredskorpset sett i gang eit prosjekt for å starte oppdrett av mellom anna telapia og karpe i ein stor innsjø i Malawi. I dette prosjektet samarbeidar Fredskorpset med Flora kommune og bedrifter på Svanøy som tek imot folk som skal lære om det å drive oppdrett.
-Flora kommune gjer mykje for å oppretthalde busettinga og for at vi skal kunne drive med næring på Svanøy, og det er viktig å gi noko attende. I tillegg er det veldig spanande å samarbeide tett med folk som har ein heilt anna bakgrunn, Seier Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Det siste året har ein mann frå Malawi budd på Svanøy der han mellom anna har arbeida på Marø Havbruk og Svanøy Røykeri. No til sommaren kjem det ein ny person til øya i Sunnfjord for å lære om det å ha fisk som husdyr.
-Vi har enno ikkje fått vite kven det er som kjem denne gongen, men håpet er at han har kone og 14 barn med seg, seier Tveit Sveen med eit smil.