Havets skattekiste med laks fremdeles på topp

Årets sommertrend av sjømat er framleis den populære laksegryta havets skattekiste, med blåskjell og reker hakk i hæl.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Therese Soltveit

- Det kan sjå ut som at Havets skattkiste med laks fortsatt er den mest populære sjømatretten på grillen. Det henger nok saman med at laks er så variabel, fortel Ingebjørg Moe, Rådgiver Mat- og ernæring ved Norges sjømatråd.

Havets skattekiste er den mest populære sjømatfavoritten til nordmenn om sommaren. (Fotograf: Studio Dreyer-Hensley)

Da Norges Sjømatråd planla årets «sommergodfisk» så ville dei tenkja i litt nye banar. - Vi ville lage heile måltidet enkelt for folk. Derfor har vi introduserte ein del matsalater. Med det så meiner vi ein kald eller lun salat som både har ein mettande ingrediens og grønsaker. Desse salatane kan du kombinere med et stykke grilla fisk, laks eller annan fisk. Du kan også ete kald sjømat slik som røykt makrel, laks eller ferske reker, forklarar Ingebjørg.

Poulært med blåskjell

- Det ser også ut til at både reker og blåskjel er ettertrakta i ferietida, kanskje fordi det er enkelt og lett kan kombinerast med ein salat som mettar. Laksen skårar også høgt på lista over val av sjømat. Det er eit sikkert val, enkelt å legge rett på grillen. Laksen er ei lett tilgjengeleg vare, heile tida over alt.

Moe fortel at klippfisk er også ei komande stjerne på grillhimmelen. Ferdig utvatna klippfisk blir meire og meire tilgjengeleg og populært.

Same tilbehør

Når grillværet ikkje er på sitt beste vil vi nordmenn helst vera inne. Moe meinar du berre kan erstatta grillen med ei steikepanna eller ein steikeomn. Alt som kan steikast på grill kan også steikast i panne.

- Tilbehøret kan vera det same. Men om du skal lage noko heilt anna ein dag det er dårleg vêr så er ei god sjømatgryte eller suppe eit god val, meinar ho. - Mine beste tips er ein god marinade og ein god mettande salat. Eg brukar gjerne ein boks linser, bønner eller kikerter i salaten samen med det eg har av grønsaker og ein vinaigrette basert på olivenolje og balsamicoeddik, forklarar ho.

På godfisk si nettsida kan du finne fleire saftige smaksopplevinga, råd og tips til korleis du skal få den beste sjømaten i sommar. Tips kan du finne her.

10 sjømatfavorittar på grillen Havets skattkiste på grill Quinoasalat med pepperrøykt makrell Reke – og avokadosalat Grillet sjøkreps med estragon- og hvitløkssmør Gryte med laks, blåskjell og chorizo Grillet laks på spyd med gremolata Teriyakimarinert makrell Ingefær- og chilimarinade til laks Klippfisk på grillen Blåskjell med curry