Havlandet leverte dei fyrste berggyltene
Denne veka vart dei første 100 000 berggyltene frå Havlandet Havbruk, levert til oppdrettarar i Sunnfjord og Sogn.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Berggylte er ein svært spesiell fisk. Den et ikkje andre fisk, den lever av krepsdyr. Når ein set den i ei oppdrettsmerd vil den ikkje bry som anna fisk eller fiskefôret, men forsyne seg av lakselusa, seier dagleg leiar Halvard Hovland til NRK Sogn og fjordane.
Havlandet Havbruk i Florø ,starta produksjonen av berggylte i hausten 2014 . Havlandet Marine Yngel, har no ein base på 2500 stamfisk, og det siste året har eigarane i Sunnfjord Rensefisk investert mellom 20 og 30 millionar kroner i bergylteproduksjonen.