Erlend Wåtevik

Heidersprisen til Waatevik

Sats på Torsk: Heidersprisen på Sats på Torsk 2010 gjekk til Erlend Waatevik i Skretting. Han blei så overraska at han ei lita stund gløymde rolla si som toastmaster under torskeoppdrettarane sin festmiddag i går kveld.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Heidersprisen vert delt ut kvart år, og er kanskje den aller viktigaste prisen på det årlege torskenettverksmøtet som denne gongen vert arrangert i Bodø. Prisen i år gjekk til Erlend Waatevik i Skretting og Grethe Adoff frå Norsk Sjømatsenter som sto for utdelinga framheva at han får den fordi han har markert seg innanfor torskenæringa i mange år, og fordi han innehar mykje kunnskapar som han også deler med næringa. -Det er så vanskeleg og på same tid så enkelt. Vanskeleg fordi det er ein pris som heng høgt, og enkelt fordi Wåtevik er svært så kunnskapsrik på same tid som han har vore og er ein pådrivar for næringa, sa Adoff når ho delte ut prisen. Sjølv om eit raskt søk på internett viser at det ikkje er første gongen Erlend Waatevik mottek ein heiderspris eller ærespris, så vart han likevel så overraska og fortumla når han fekk prisen at han mista munn og mæle og gløymde rolla si som toastmaster ein liten augneblink. Men når han fekk att talevena var det ikkje lenge før torskeentusiasten på nytt framheva at dette er ein næring som har ei framtid sjølv om det ikkje alltid ser slik ut i avisene.

Grethe Adoff deler ut heidersprisen til Erlend Wåtevik

Grethe Adoff frå Norsk Sjømatsenter deler ut torskenæringa sin heiderspris til Erlend Waatevik i Skretting.