Deformert torsk 3

Heilt vanleg med innslag av deformert torsk

Både fiskarar og fiskekjøparar meinar deformert torsk i fangsten var vanleg lenge før torskeoppdrett vart ein realitet. -Det er heilt vanleg å få deformert torsk, seier pensjonert fiskar Karstein Fredriksen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Både fiskarar og fiskekjøparar sår no tvil om at den deformerte torsken som Wilhelm Egil Larsen om bord på fiskebåten Perholm i Storfjord fekk i garna i september 2009 er rømd oppdrettstorsk.

Det kjem stadig inn meldingar om at det er heilt vanleg å få deformert torsk i fangstane.

Trur ikkje det er oppdrettstorsk Karstein Fredriksen frå Skaland på Senja starta å fiske i 1947, og han har fått deformerte torskar i fangsten heilt frå første stund. -Heilt frå eg starta å ro fiske har vi hatt innslag av fisk med kuppelhovud og kort underkjeve slik som det var vist bilete av i avisene. Dette førekjem heilt frå Lofoten til Finnmark, så eg trur ikkje på at det har noko med oppdrett å gjere, seier Fredriksen og legg til at det er mange fleire enn han som seier akkurat det same. Deformert torsk utan avrunda finnar Dagleg leiar Frank Magne Hansen ved fiskebedrifta Aksel Hansen AS seier til folkebladet.no at anlegget har mottatt opp til 15 slike deformerte fiskar berre denne vinteren. Sist fredag kom det inn enno ein deformert torsk som likna veldig på ein av dei fiskane som Wilhelm Egil Larsen i Storfjord seier han fekk i garna i september 2009. Biletet viser ein deformert fisk med heilt rett sporfinne, noko som er svært uvanleg for oppdrettstorsk. Finnane på oppdrettstorsken er oftast avrunda.