Helga Pedersen

Helga endrar ikkje vedtaket

Statsråd Helga Pedersen endrar ikkje på vedtaket i samband med Storfjord Torsk sin søknad om konsesjon i Storfjord. Øyvind Korsberg i FRP stiller spørsmål både ved saksgangen og ved vedtaket.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I eit brev til Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen har Øyvind Korsberg i FRP stilt spørsmål ved Fiskeridirektoratet sitt vedtak om avslag på Storfjord Torsk sin søknad om konsesjon på Falsnes i Storfjord kommune i Nord Troms. Korsberg stiller også spørsmål ved om det er rett at det er Fiskeridirektoratet sitt hovudkontor i Bergen som handsamar klager på vedtak gjort av eit regionkontor. I svaret til Korsberg viser Fiskeri- og kystministeren til at vedtaket er endeleg handsama i Fiskeridirektoratet, men ho har merka seg at det frå fleire hald er stilt spørsmål ved den geografiske plasseringa av gyteområder i Storfjord i Troms. Difor har ho bedd Fiskeridirektoratet om å utdjupe einskilde element i vedtaket. Dette handlar mellom anna om faktiske tilhøve knytt til prosessen rundt kartlegginga av gyteområder i Storfjord. Les spørsmålet frå Korsberg og Pedersen sitt svar her.