
Håp om laks på kroken neste sommar
Over tusen laks og sjøaure har passert lakseporten i Vikedalselva som er stengt for fiske. Det gir håp om laks på kroken neste sommar.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Grunneigarlaget og Viindafjord jeger- og fiskeforening monterte porten i mai for å finne ut kor mange laks og sjøaure som går opp trappene i hovudløpet i Vikedalselva skriv Grannar på sine nettsider.
Målet er å få ein meir eksakt og dokumentert oversikt over bestanden av laks og sjøaure i elva. Det vil få betydning for om elva igjen kan opnast for fiske etter at den frå i år av vart stengt i fem år framover dersom ikkje bestanden tar seg opp.
Meir fisk Før helga viste teljeapparatet at over tusen fisk hadde passert. Storparten av fisken går opp i trappa, men ein del tar også andre vegar opp fossen. Dermed er oppgangen større enn det teljeapparatet viser. All fisk over 35 centimeter blir registrert. — Svært gledeleg, og vi kan slå fast at det ganske sikkert er langt meir gytefisk enn det som er bestandkravet. Det gir optimisme med tanke på å opne fisket igjen, seier Berge Kjell Opsal, leiar i Vikedal Elveeigarlag til Grannar.
Fylkesmannen si kartlegging i elva i fjor haust gav eit nedslåande resultat der froskemennene talde 80 gytelaks frå Lokafossen og ned til fossen i Osen. Lokalt i Vikedal vart det stilt spørsmål om ei teljing på nokre timar på denne sterkninga, gir eit rett bilde av tilstanden. Den kartlegginga av gytefisk var også relativt tidleg på hausten.
Er spent Opsal meiner likevel at gode tal i den automatiske teljinga ikkje nødvendigvis fører til at laksefisket blir opna igjen. Meir viktig er kva den manuelle kartlegginga til fiskeforvaltaren hos Fylkesmannen resulterer til seinare i haust. — Det er spennande kva utfallet blir der. Ein må nok få eit godt resultat i froskemennene si kartlegging dersom opning skal bli vurdert. Finn dei få holaks vil det sikkert ikkje bety så mykje at det er registrert mange fiskar som er gått opp i elva, seier Opsal til lokalavisa.
Grunneigarlaget har førebels ingen dokumentasjon på om det er laks eller sjøaure som er telt. Sjøauren går meir opp i sidebekker for å gyte, og dermed kan eit stort innslag av sjøaure blir forklaringa dersom den manuelle teljinga gir få holaks. Neste år blir det ikkje berre automatisk teljing i elva, men også filming av kvar enkelt fisk slik at ein får dokumentasjon av innslaget av laks.