Geir Andreassen

Hårreisande uttalingar frå Sollie

Geir Andreassen i FHL meinar Janne Sollie sine uttalingar om støtte til Kurt Oddekalv er hårreisande. -Det er vanskeleg å forstå at eit offentleg forvaltningsorgan kan gå god for ein organisasjon som sjølv har sagt at dei driv ei svertekampanje mot norsk havbruksnæring, seier Andreassen.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Janne Sollie sine uttalingar om at Kurt Oddekalv i Noregs Miljøvernforbund har fagleg dekning for uttalingane sine om norsk oppdrettsnæring har skapt stor debatt både i media og i norsk oppdrettsnæring.

Geir Andreassen i FHL meinar Sollie sine uttalingar er hårreisande, og han meinar dette gjer det enno lettare å forstå kvifor villaksforvaltninga har feila totalt. -Vi ser jo kva fagleg nivå dette forvaltningsorganet opererar på, og dersom faglegheita er på eit like lågt nivå når det gjeld villaksforvaltninga, så er det svært ille for villaksen, seier Andreassen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no,

Han håpar ikkje at resten av Direktoratet for naturforvaltning er ein del av ei svertekampanje mot norsk oppdrettsnæring sjølv om direktøren går god for den, seier Andreassen.

Matproduksjon framfor opplevingar Geir Andreassen framhevar vidare at det er viktig å få med dimensjonane i dette. Oppdrettsnæringa driv stor matproduksjon, medan villaksnæringa produserar opplevingar, -Det kan jo ikkje vere slik at produksjon av opplevingar kan vere overordna produksjon av mat, og her må vi velje dersom vi ikkje får til betre sameksistens, seier Andreassen.

Rysta over nivået Geir Andreassen er rysta over det nivået direktør Janne Sollie i Direktoratet for naturforvaltning opererar på, og gir klart utrykk at ein ikkje kan fortsette med å ha eit forvaltningsorgan som kritiserar andre på same nivå på denne måten. -Men dette er jo noko forvaltningssystemet må rydde opp i, det kan ikkje næringa gjere, seier Andreassen til slutt.