Håvard Jørgensen

Håvard Jørgensen takkar for seg i NSL

Etter fem år som administrerande direktør i NSL har Håvard Jørgensen sagt opp stillinga si for å bli forskingsdirektør i Biomar. - Det har vore svært lærerike år som har gjeve meg god forståing av kompleksiteten i sjømatnæringa, seier Jørgensen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Før jul vart det kjent at administrerande direktør Håvard Jørgensen i Norsk Sjømatbedrifters Foreining (NSL) har sagt opp jobben sin for å tiltre stillinga som forskingsdirektør i fôrselskapet Biomar. Og Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no har snakka med han om tida i NSL og om den nye jobben som forskingsdirektør.

Av utdanning har Håvard Jørgensen befalsskulen frå forsvaret og hovudfag i akvakultur frå Trondheim, i tillegg til at han har studert noko økonomi. Han kom frå ei stilling som produktutviklar i Biomar då han overtok jobben som administrerande direktør i NSL i 2006.  

Prisfastsetting kan vere ei utfordring Det Jørgensen nemner først når vi spør kva han opplever som dei mest sentrale oppgåvene i stillinga som direktør i NSL er arbeidet med prisfastsettinga på råfisk. - Å delta i prisforhandlingane er viktig, og det går med mykje tid til det. Men ting er ikkje optimalt når det gjeld måten dette vert gjort på i dag, og det bør finnast betre løysingar, seier Jørgensen.

Han meinar det er marknaden som må bestemme fiskeprisen - Det er veldig få varer som vert prisfastsett på ein annan måte i 2012 seier Jørgensen og legg til at dette er noko NSL skal fortsette å jobbe med sjølv om han fråtrer direktørstolen.

Saka fortsette under bilete

Håvard Jørgensen

Etter fem år som administrerande direktør i NSL har Håvard Jørgensen sagt opp jobben sin. No ser han fram til å bruke det han har lært i stillinga som forskingsdirektør i Biomar.

Ein god dag for norsk laksenæring Oppheving av minsteprisen til EU er ei av dei sakene som Jørgensen vil framheve som spesielt positivt for næringa i seinare tid. - At det skjedde var svært positivt, og mykje har endra seg på fryktelig kort tid, seier Jørgensen. Han meinar det har skapt god tryggleik med tanke på omsetninga av fersk fisk til EU, og han ser på det som eit bevis på at norsk oppdrettslaks ikkje vart dumpa inn i EU, slik næringa også hadde sagt heile tida. - Det var ein svært fin dag for norsk laksenæring då vi fekk den beskjeden, seier Jørgensen.

Positivt med meir synleggjering Andre oppgåver som Jørgensen og NSL er opptatt av er arbeidet med synleggjering av norsk sjømat. Han meinar det er mykje å gjere på dette området, og ser det som svært positivt at Eksportutvalet for fisk har auka sitt budsjett på aktivitetar i Noreg frå omlag 6 til 40 millionar kroner. -Det var svært fornuftig og det har skapt ei heilt anna synlegheit for næringa. I tillegg ser vi at fleire av dei store aktørane køyrer nasjonale kampanjar, og det er veldig bra. Det er viktig å vere herre i eige hus før vi går ut å erobrar verda, seier Jørgensen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Fleire viktige saker Andre tema som Jørgensen nemner som viktige og utfordrande i ei oppsummering av det han har jobba med i NSL, er arbeidet i tilknyting til Gullestadutvalet sin rapport. Det har vore både krevjande og viktig å fylgje med på. I tillegg nemner han konsesjonstildeling som var i 2009 og problematikken knytt til villaks.

Startar på nye utfordringar Håvard Jørgensen omtalar åra i NSL som både interessante, utfordrande og lærerike. Og når han vel å slutte er det til fordel for ei stilling som forskingsdirektør i Biomar, betyr det at han går inn i ei anna stilling som han også trur blir både utfordrande og spanande. - Eg har vore produktutviklar i Biomar tidlegare, og eg veit at dette er eit godt og solid selskap med mange flinke folk. Fôrindustrien har tilført havbruksnæringa mykje kunnskap og er heilt nødvendig for at den skal utvikle seg på ein lønsam måte. Som kjent er det vanskelig å produsere oppdrettslaks utan fôr seier Jørgensen.

Må utnytte tilgjengelege råvarer Det har skjedd mykje i tida etter han slutta å jobbe som produktutviklar i Biomar og det han trur blir det aller viktigaste for fôrbransjen og for han som forskingsdirektør å jobbe med i framtida, er og til ei kvar tid evne å utnytte seg av dei råvarene som er tilgjengeleg, enten dei er vegetabilske, eller marine.        -Produktet vi alle jobbar for å få til er ein oppdrettsfisk med forventa god kvalitet. God kvalitet vert skapt gjennom eit godt samarbeid mellom fôrselskapet og dei som handterar den levande og den døde fisken. Eg gler meg til å ta fat på nye oppgåver, avsluttar Jørgensen.