Terje Martinussen

-Ikkje alle egga i same korg

Tromsø: Leiar for Eksportutvalet for fisk Terje Martinussen irettesette Eivind Jacobsen frå Statens institutt for forbruksforsking som hevda at generisk marknadsføring er å legge alle egga i same korg.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Terje Martinussen hevda at det nettopp er det norsk fiskeri- og havbruksnæring ikkje gjer. -Vi driv omfattande generisk marknadsføring samstundes som alle dei store fiskeriselskapa marknadsfører sine eigne produkt. Dette meiner vi er den rette måten å gjere det på. Eivind Jacobsen hevda i sitt innlegg på konferansen Fisk 2006 i går at fiskeri-og havbruksnæringa er generisk og fragmentert i seg sjølv. - Oppstår det problem av noko slag i marknaden, er det lett for at aktørane skuldar på andre i verdikjeda, eller dei overlet til Mattilsynet å ordne opp. Forbrukarane kan ikkje rette seg mot einskildaktørar, og difor vert ei heil næring råka når det oppstår problem, sa Jacobsen. Godt omdøme Terje Martinussen la vekt på at norsk fiskeri-og havbruksnæring er kjent for å levere gode produkt. -Vi er kjent som fiskerinasjon, vi er kjent for kvalitet på produkta våre, rein natur og for at vi har ei berekraftig forvaltning av ressursane. Norsk fisk vert oppfatta som sunn mat, fastslo Terje Martinussen. Han viste til at omdømebygging er ein møysommeleg prosess der det er viktig å formidle dei positive trekka ved norsk fiskeri-og havbruksnæring. - Når media i utlandet skriv at torsken er utrydningstrua og at Noreg fiskar mykje torsk, er det vår oppgåve å fortelje at det fins fleire torskestammar, der nokre er fiska ned til under føre-var nivå. Men at det ikkje gjeld skreien, som vert forvalta på ein berekraftig måte, sa Magunssen.