Importstans for fire produsentar
Etter det Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no kjenner til, skal det vere innført importforbud av laks til Russland frå fire norske produsentar. Forbudet skal gjelde frå 5. desember.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Pressekontakt Reidun Agathe Medhus i Mattilsynet kan bekrefte at det er fire produsentar som har vore trua med importrestriksjonar, men ho kjenner ikkje til kva selskap dette er. Ho trur dei russiske veterinærmyndigheitene har tatt ut fleire stikkprøvar og at dei aktuelle selskapa er tilfeldig valt ut.
Mattilsynet veit heller ikkje kva målemetodar som er nytta, eller kva grenseverdiar som er lagt til grunn. Russarane har sitt eige målesystem som ikkje harmoniserar med EU sitt regelverk. Mattilsynet arbeidar no med å finne ut kva verdiar det her er snakk om.
Medhus kjenner ikkje til om det er fersk laks eller prosessert laks dette handlar om.
Den norske ambassaden skal seinare i dag ha møte med russiske myndigheiter.