Importstoppen har fått store konsekvensar
Den totale tilførselen av laks til Russland er redusert med omlag 1500 tonn dei fire første månadane i år samanlikna med same periode i 2005. Det var opphaveleg forventa ein oppgang.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Importen dei fire første månadane i år er åtte prosent lågare enn i tilsvarande periode i fjor. Så langt i år har Russland importer omlag 18 500 tonn laks totalt frå alle land, medan dette talet var 20 000 tonn i fjor
Redusert import frå Noreg Tilførselen av laks frå Noreg til Russland dei fire første månadane har sjølvsagt vorte redusert dramatisk og forklarer det fallet i totaltilførsel. Til og med april i år er det eksportert 9 190 tonn laks til Russland frå Noreg, medan det blei eksportert ca 16 000 på same tid i fjor. Dette er ein reduksjon på omlag 7 000 tonn eller 44 prosent. Sjølv om den totale importen av laks til Russland dei fire første månadane ikkje er redusert med meir enn åtte prosent, har importstansen likevel store konsekvensar. - Vi hadde opphavleg venta ein vekst på 5000 tonn dei fire første månadane, slik at importstoppen har fått store konsekvensar for konsumet i den russiske marknaden, seier Jan Trollvik i Eksportutvalget for fisk til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Auka import frå Chile og Storbritannia Chile eksporterte 3.100 tonn laks til Russland dei første månadane av 2005. Så langt er det berre tilgjengelege tal for dei to første månadane i år, men i denne perioden auka eksporten til Russland med 1400 tonn. Berekninga for dei fire første månadane er ein auke på 3000 tonn laks frå Chile til Russland frå i fjor. Dette inneber ei dobling frå i fjor.
Storbritannia har hatt ein auke i eksporten av laks til Russland på omlag 1700 tonn dei tre første månadane i år. Berekninga for dei fire første månadane er ein auke på 2400 tonn laks samanlikna med same periode i 2005. Storbritannia eksporterte omlag 291 tonn laks til Russland dei fire første månadane i fjor.