Importstoppen kan gi vedkrise
Ein eventuell stopp i eksporten av norsk fisk til Russland, kan medføre tomme vedlager i Noreg, skriv VG.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Trailarane som kjøyrer norsk fisk til Russland pleier å ta med seg ved som returlast. Ein stopp i eksporten av fisk kan difor medføre vedkrise her i landet. -Dei russiske vedeksportørane har meldt at vi ikkje får meir ved, pellets eller brikettar før importsituasjonen for fisk frå Noreg er avklart, seier Eldar Sletting i Alfa Bio Group til VG.
Alfa Bio Group har rundt 45 prosent av den norske vedimportmarknaden, og Sletting fryktar at selskapet kan gå tom for ved ut på vinteren dersom situasjonen ikkje endrar seg.