
Importtollen senka frå 33 til 10 prosent
Etter det Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no kjenner til, så vert importtollen på atlantisk laks til India senka frå 33 prosent til 10 frå første april i år.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit
Tollen på laks til India har så langt vore så høg at dette ikkje har vore vurdert som ein interessant marknad for laksenæringa. Men ein nedgang på heile 23 prosent kan vere med å endre denne situasjonen.
Jan Trollvik i Eksportutvalget for fisk framhevar at dersom det er tilfelle at tollen på atlantisk laks vert senka så mykje, så kan dette bli viktig for laksenæringa.
-Sjølv om India er ein liten marknad for laks i dag, så er det eit stort potensiale der. Landet er ein av dei store vekstmarknadane når det gjeld verdi og konsum, og til tross for at det er eit relativt fattig land, så er middelklassen stor, seier Trollvik til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Utbygginga av super og hypermarknadar har også begynt å skyte fart i India, noko som også er avgjerande dersom laksen som produkt skal ha ein sjanse i denne marknaden.
-Saman med Russland og nokre land til, så er India det landet der ein forventar størst vekst i handelen i supermarknadar, og laks er jo eit produkt som er spesialtilpassa slike butikkar. Vi har jo erfart kva som skjedde i Russland etter at utbygginga av super- og hypermarknadane skaut fart der, seier Trollvik.
Trollvik meinar laksen som produkt har eit stort potensiale i India ut frå at den er lett å tilpasse i dei fleste matkulturar, og ut frå at økonomien i landet er i vekst, men han trur likevel ikkje at ein reduksjon i tollen vil medføre ein eksplosjon i eksporten av fersk laks til India med det første.