
India i fokus
I april reduserte indiske myndigheiter tollen på rund norsk laks frå 30 til 10 prosent. -Dette er eit utgangspunkt for å arbeide vidare med India som ein framtidig marknad for norsk laks, seier Egil Sundheim i Eksportutvalet for fisk til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Fram til april i år låg all toll på norsk laks til India på 30 prosent og landet er i utgangspunktet opptatt av å verne om lokal produksjon og lokale arbeidsplassar. Men påtrykk frå Norske myndigheiter har medført at tollen på rund laks no er redusert til 10 prosent. -Utgangspunktet er at dette er eit produkt som inderane kan vidareforedle sjølve. For oss er det mest aktuelt å eksportere filet og røykt laks, men vi må sjå det som ein god start, seier Sundheim. Publisitet rundt Kronprisnparet Sundheim har vore i India fleire gongar i år og i november deltok han i den offesielle delegasjonen til Kronprinsparet. Her var Eksportutvalet for fisk mellom anna ansvarleg for gjennomføring av eit seminar for kokkar og ein konkurranse blant indiske kokkeelevar der kronprinsesse Mette Marit delte ut permien til vinnaren. -Det er viktig å synleggjere norsk laks som eit kvalitetsprodukt som vi er stolt av, seier Sundheim.
Eit land i utvikling India har ei sterk økonomisk utvikling, ein aukande middelklasse med kjøpekraft og gjennomfører no ei handelspolitisk libelarisering. India har i dag omlag 1,1 milliaradar innbyggarar, og mellom 50 og 70 millionar bur så sentralt og har så høg kjøpekraft at dei er aktuelle konsumentar av norsk laks. New Delhi som ligg i nord og Mumbay som ligg på på vestkysten er dei to mest aktuelle byane å satse på i utgangspunktet.
Fokus på sunn mat Helseaspektet er generelt svært viktig i India og rike kvinner er spesielt opptatt av sunn mat. -Dette er eit svært godt utgangspunkt for å synleggjere norsk laks som eit aktuelt produkt i ein tidleg fase, seier Sundheim.
Satsar på hotel og restaurant. Omlag 10 prosent av indrane handlar i dag i supervaremarknadar, men så langt føregår i hovudak alt sal av fersk mat på tradisjonelle marknadar der det ikkje er aktuelt å selje norsk laks. -Fleire internasjonale supermarknadskjedar er på trappene til å etablere seg i India, men dette vil ta tid, og i utgangspunktet er det berre aktuelt å arbeide for å få norsk laks inn på dyrare hotel og restaurantar, seier Sundal, men legg til at India har eit sterkt potensiale for utvikling innan supermarknadssektoren.
Utfordringar i høve til marknadstilgang. Ein av dei største utfordringane for å få etablert norsk laks som eit produkt i det indiske kjøkken er marknadstilgang, og i høve til EFTA forhandlingane er det viktig at norske myndigheiter arbeidar for å få eksport av sjømat til India på dagsorden.
Aukande turisme til India og det at landet blir tatt på alvor som ei gryande stormakt, er nokre av fleire årsaker til at det er viktig å satse på India i framtida.