Industrien jobbar berre på pris

Tromsø: -Norsk fiskeindustri vil ikkje drive lønsamt. Det blir berre jobba på pris og ikkje på å skaffe fram eit lett tilgjengeleg kvalitetsprodukt, sa Egil Sætveit i Coop Norden til forsamlinga under Fisk 2003 i Tromsø mandag.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

-I løpet av dei 13 åra eg har jobba med dette, er det ingen frå fiskerinæringa som har kome til meg med sine produkt, seier Sætveit og etterlyser målretta arbeid med produktutvikling. Fokuset i Norge er å selge råstoffet så fort som mogeleg til Dannmark for å få det bearbeida. -Og så sutrar industrien over at dei ikkje tenar pengar seier Sætveit. Sjølv om kjedane er opptatt av pris så betyr ikkje det at dei skal ha det billigaste råstoffet. Det betyr berre at dei vil ha lågast mogeleg pris på det produktet dei ønskjer å selje i sine butikkar. Det inneber eit krav til kvalitet, stabile leveransar, eit sortement osb. på dei produkta dei tek inn. Utfordringa er å finne gode produkt som kan lagast fort til kvardags. -Dersom vi skal komme på bana og få ungdommen til å ete fisk, må vi selje eit "heilt måltid" og ikkje berre eit stykke lettsalta torsk seier Sætveit.