Infeksjon med nodavirus
Infeksjon med nodavirus er for første gong påvist på torsk i Noreg. Nodavirus forårsaker sjukdomen viral nervevevsnekrose (VNN), også kalla viral encefalopati og retinopati (VER), melder Mattilsynet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Viral nervevevsnekrose kan medføre store tap i yngelfasen og har vore eit stort problem i oppdrett av kveite og piggvar i Noreg. Nodavirus er påvist hjå ei rekkje marine fiskeartar på verdsbasis, m.a. på torsk i Skottland og Canada. Påvisinga av nodavirus er gjort på yngel innsend til Veterinærinstituttet, Bergen, frå eit anlegg på Vestlandet. Anlegget hadde i noko tid registret auka dødelegheit, nedsett apetitt og kliniske symptom på yngelen. VNN/VER er ein meldepliktig gruppe B- sjukdom og anlegget er inntil vidare pålagt restriksjonar. Årsaka til infeksjonen er ikkje kjend, men Mattilsynet utreder saka vidare.