Inga økologisk katastrofe
Sei som et laksefôr er inga økologisk katastrofe for seibestanden, men mykje laksefor i magen på villfisk kring anlegget bør oppdrettarane ta som eit teikn på at dei bør fylgje meir med.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit
Når maten er tilgjengeleg et både sei og torsk det dei får tak i, og det er i naturen heilt vanleg med dårleg kvalitet på sei som har ete mykje sild eller torsk som har ete mykje lodde.
-Kvaliteten på fisken er nok ikkje god i det tidsrommet den livnærer seg av fôr med høgt fettinnhald. Men mellombels dårleg kvalitet på villfisk som har gått nær eit oppdrettsanlegg, eller ete mykje sild og lodde er inga økologisk katastrofe. Etter relativt kort tid med "vanleg" mat vert fisken heilt normal igjen. Det seier Eivind Aarseth i Sub Aqua Tech til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Sub Aqua Tech driv med miljøanalyser, kartlegging av lokalitetar m.m. for oppdrettsnæringa.
Aarseth påpeikar at områda rundt oppdrettsanlegga elles er gode oppvekstområder for småfisk fordi dei gir godt skjul.
Oppdrettarane bør passe på
For oppdrettarane kan det vere av eiga innteresse å få tilbakemelding om villfisk med mykje laksefôr i magen. Dette kan vere eit teikn på stort forspel, noko som best kan samanliknast med å fyre for kråkene.
-Stort fôrspel inneber at fôrmengda i høve til biomassen er for stor, og for å kunne drive optimalt bør det vere nok folk til å følgje med på fôring og appetitt. Det kan vere så enkelt som at ein fôringsslange er montert feil i merden slik at fôret forsvinn ut, seier Aarseth, og påpeikar at store oppdrettseiningar ofte gjev mindre oversikt for oppdrettaren.