Inga rømming med doble nøter

Karl Petter Myklebust i Nærøysund AS trur ikkje doble nøter er ei løysing for alle, men i Lofitorsk har bruk av doble nøter stoppa rømming. -Det fungerar svært godt for oss, seier Dag Hansen i i Lofitorsk.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Sist veke sa Karl Petter Myklebust i Nærøysund AS til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no at doble nøter i torskeoppdrett kan vere ei utfordring for ein del oppdrettarar.

I Lofitorsk og dotterselskapet Storfjord Torsk som held til i Nord Troms, har bruk av doble nøter stoppa all rømming frå anlegget. -Etter vi begynte med doble nøter i 2003 har vi ikkje hatt problem med rømming utanom då Stormen Narve medførde havari av eit stålanlegg i 2006, seier Dag Hansen i Lofitorsk til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.

God kontroll Når det vert oppdaga fisk mellom nøtene veit ein at det er hol i den innarste, og det vert retta opp med ein gong. -Vi har laga oss eit system med fôrtunell som gjer at vi får fisk som vi finn mellom nøtene raskt innatt i merda. I fjor vår fekk vi også kameraovervaking av alle merdane, så dersom det kjem fisk ut mellom nøtene oppdagar vi dette ganske så raskt, seier Hansen.

Hansen framhevar at svinnet er sterkt redusert etter at selskapet starta med doble nøter og fekk montert selskremmar. Han rådar alle som held til i områder med sel til å gjere denne investeringa. Det er ei billeg og god forsikring, meinar han.

Alternativet er ukontrollert rømming Styreleiar Steinar Eliassen i Storfjord Torsk, er overbevist om at doble nøter er framtida for selskapet. -Dersom vi ikkje hadde fått til effektive doble nøter ville vi ikkje heldt på med torskeoppdrett, seier Eliassen. Han framhevar at løysinga kom då dagleg leiar i Storfjord Torsk Are Angell fann fram til ein effektiv metode å montere lodda slik at dobbelnota held seg utspelt. -Med 100-metringar går dette veldig bra sjølv om det er arbeidskrevjande og dyrt. Men alternativet er ukontrollert rømming slik vi ser det, seier Eliassen.