
Ingen dramatikk i Gratangen
Denne veka bekrefta Mattilsynet mistanke om enno eit utbrot av ILA i Gratangen i Sør-Troms. Det får likevel ingen dramatiske konsekvensar for selskapet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Etter at Straumen Havbruk i Gratangen fekk påvist ILA i Gratangen i november 2007 har dei tilsette i Gratanglaks følgt nøye med og tatt mange prøvar frå sine anlegg. Sist veke bekrefta Mattilsynet at det er misstanke om at fisken var smitta. Mistanken er enno ikkje bekrefta, men ei endeleg påvising av ILA vil ikkje få store konsekvensar for selskapet. -Etter det første utbrotet i fjorden framskunda vi slakteplanane, og no er all fisken vekke, så dette får ingen dramatiske konsekvensar for oss, seier Tore Lundberg i Gratanglaks til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.