Grethe Bynes

Ingen dramatikk med forsterka kontroll

Meldingar om at russiske veterinærmyndigheiter vil gjennomføre forsterka kontroll av varer frå fire norske sjømatbedrifter, betyr ikkje det same som utestenging. Og i fylgje seksjonssjef Grethe Bynes i Mattilsynet er ikkje dette eit uvanleg tiltak i internasjonal handel.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Tidlegare denne veka melde Mattilsynet at russiske veterinærmyndigheiter vil gjennomføre forsterka kontroll av sendingar frå fire norske sjømatselskap. Dette har gjeve stor merksemd i media både i Russland og i Noreg, men i fylgje Grethe Bynes er ikkje det ikkje dramatisk på nokon måte. - Det er akkurat det same som vi gjere kan gjere med produkt som blir importert til Noreg, seier Bynes.

Har skjedd tidlegare Ifylgje Bynes har Russiske myndigheiter gjennomført forsterka kontroll fleire gongar tidlegare, utan at Mattilsynet har lagt ut melding om dette. Men denne gongen var det så mange spørsmål frå media at dei valde å gå ut med informasjon.

Betre enn utestenging Seksjonssjefen i Mattilsynet vurdera forsterka kontroll som eit greitt tiltak der det har oppstått usikkerheit rundt eit produkt. - Det handlar berre om forsterka kontroll, og det er meir positivt enn utestenging, seier Bynes.