
Ingen erstatning frå Lisbeth
Lisbeth Berg Hansen føl same linja som Helga Pedersen. Det er ikkje snakk om å etablere ei statleg finansiert erstatningsordning for oppdrettarar som må destruere fisk etter pålegg frå Mattilsynet. Dette kan ikkje samanliknast med situasjonen i landbruket.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Regjeringa si haldning til ei statleg finansiert erstatningsordning for havbruksnæringa har ikkje endra seg etter at lakseoppdrettar Lisbet Beg-Hansen har tatt plass i statsrådsstolen.
Berg-Hansen har forståing for at oppdrettarar som opplever alvorlege sjukdomshendingar med påfylgjande krav om utslakting kan føle det som urettferdig når landbruksnæringa i slike tilfeller kan støtte seg på ordningar med statleg finansiert erstatning. Men ho meinar likevel at det ikkje kan vurderast på same måte. -Vi skal i denne samanhengen ikkje gløyme at det er stor forskjell på havbruksnæringa og landbruksnæringa, og det er ikkje alltid naturleg å handsame dei to næringane likt. Her er det nok å nemne næringsstruktur, konkurransesituasjon og innteningsevne, seier Berg Hansen.
Ingen automatikk i EU Ho viser vidare til at det heller ikkje i EU er ein automatikk i å utbetale erstatning for utslakting av fisk for å hindre spreiing av sjukdom. -I EU og i Noreg skal det utbetalast erstatning ved nedslakting av husdyr, medan det i EU kan utbetalast erstatning ved utslakting av fisk. Når det gjeld erstatning ved utslakting av fisk i EU, kan dei einskilde medlemslanda vurdere om dei vil bruke midlane frå EU sitt fiskerifond i slike samanhengar.
Dekkjer berre tap når fisken dør av seg sjølv Når det gjeld diskusjonen om ei erstatningsordning for norske oppdrettarar viser Berg-Hansen til Strategien for ei konkurransedyktig norsk havbruksnæring, og til at næringa har vore invitert til eit samarbeid om eit erstatningsfond. -Det har altså vore dialog mellom næringsorganisasjonane og Fiskeri- og kystdepartementet med sikte på å vurdere ei fellesskapsløysing som eit supplement til dagens forsikringsordningar, seier Berg- Hansen. Men ho framhevar at ei fellesskapsløysing berre er aktuelt dersom det er stor oppslutting blant oppdrettarane om det, og at den må finansierast av næringa sjølv.
Berg-Hansen seier ingen ting om kva forsikringsordningar som finst i slike tilfeller, men etter det Norsk Fiskeoppdrett kjenner til er det ingen ordningar, utover ei spesialforsikring for ILA, som dekkjer tap i tilfeller der fisken vert slakta ut. Eksisterande forsikringsordningar dekkjer berre tap i dei tilfella der fisken dør av seg sjølv.
Inviterar til samarbeid Avslutningsvis framhevar Lisbeth Berg Hansen at ho syns ei næringsfinansiert fellesskapsløysing er ein god ide, og ho håpar oppdrettsorganisasjonane vil vurdere ordninga på nytt. Om kort tid vil ho skrive eit brev til organisasjonane og invitere dei til eit møte for å diskutere saka.