Ingen konkrete planar i Finnmark
Mainstream er eit av tre store selskapa som driv matfiskproduksjon i Finnmark, men settefisken vert frakta frå Nordland. -Vi er stadig på jakt etter gode prosjekt når det gjeld settefisk, men vi har ingen konkrete planar i Finnmark enno, seier Philip Van Djik i Mainstream.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Grieg Seafood er i dag det einaste av selskapa som driv i Finnmark som har eige settefiskanlegg i fylket. Villa Organic planlegg å bygge innan ein periode på opp mot tre år, men Mainstream som er størst i Finnmark med 27 konsesjonar, vil fortsette å frakte settefisken sin frå Nordland. -Frakt er jo ei utfordring, og ein vakker dag må vi gjere noko i Finnmark, men inn til vidare satsar vi på å føre fisken frå Nordland, seier Van Djik til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Han framhevar at all fisken som vert sett ut i Mainstream sine anlegg i Altafjorden er screena.
I dag produserar Mainstream mellom seks og sju millionar smolt i eigne anlegg, og i fylgje Van Djik har dei også byggeplanar i Nordland. I tillegg er selskapet medeigar i anlegg som produserar rundt fire millionar smolt.