
Ingen ønskjer at laksen skal rømme
Det har vore mykje fokus på å fordele skuld når laks rømmer, men Tore Lundberg i Gratanglaks meinar det er viktig å få fram at det ikkje er nokon som ønskjer å komme i ein slik situasjon.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Gratanglaks har ein av sine oppdrettslokalitetar rett over fjorden for Straumen Havbruk der 60.000 ILA-smitta laks har rømt. Mange er no redd for at den sjuke laksen skal smitte frisk laks på andre lokalitetar i området, og det har vore mykje fokus på kven som er ansvarleg for situasjonen som har oppstått. I fylgje Lundberg er det viktigast å vere opptatt av å løyse problema ein no står ovanfor i staden for å fokusere på kven syndaren er. -Det er ingen oppdrettarar som går frivillig inn i ein slik situasjon, seier Lundberg til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no For tida jobbar Lundberg og dei andre oppdrettarane i området for å hindre fleire utbrot av ILA ved å passe på at fisken på nabolokalitetane ikkje vert stressa, og med det meir mottakeleg for utbrot.