Illustrasjonfoto grønne konsesjoner.

Ingen omgjeringer etter klagestorm

Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure har no gått gjennom alle klagesakene knytt til avvisning av søknader i gruppe B (open gruppe med lukka bodrunde). Ingen av klagene førte til omgjering frå Faggruppa.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

118 søknader vart avvist då søknadsfristen for å søke grøne løyve i oppdrett gjekk ut tidlegare i haust, og 115 søkjarar klaga på vedtaket om å avvise sakene., skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Denne veka blei klagarar i gruppe B orientert om utfallet av Faggruppas behandling, og klagesakene oversendt Fiskeri- og kystdepartementet for vidare handsaming.

I løpet av neste veke reknar Faggruppa med å ha sendt ut melding om utfall av Faggruppas handsaming av klagesakene knytt til gruppene A (Troms og Finnmark) og C (open gruppe).

Vurdering i samband med prekvalifisering av søknadene i gruppe B som ikkje er avviste, er venta å vere ferdig før nyttår.

Ingen av klagene fikk gjennomslag hos Faggruppa.