Gjengen som tester ny fangstteknologi for Havforskningsinstituttet.

Ingen oppdrettslaks i fella - endå

Hordalands største oppgangsfelle i elv vart montert i det nasjonale laksevassdraget Etne i april 2013. Det er så langt ikkje fanga oppdrettslaks i fella.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Gjengen som tester ny fangstteknologi for Havforskningsinstituttet.

Sidan oppstart har ein regnbogeaure, åtte sjøaurar, og 21 villaks mellom 5 og 14,5 kg gått i fella.

Prosjektet er eit unikt samarbeidsprosjekt mellom elveeigarar, havbruksnæring og forvalting.

Tiltaket har ein driftsperiode på tre år og ein kostnadsramme på ca 2,4 millionar kroner. I tillegg kjem mykje dugnadsarbeid.

Fella er av amerikansk modell og har vore utprøvd i Canada og Alaska i meir enn 20 år, men det er første gang ho er montert i Noreg.

Sorterast ut

Fellas funksjon er å fange all oppvandrande fisk. Fisken symjar inn i eit fangstkammer kor den vert registrert og vidare målt, veid og merka.

Det vert tatt ut DNA-prøver av all laks som går inn i fella, der villfisken vert sleppt vidare opp i elva mens oppdrettsfisken sorterast ut. – Innsiget av laks i år har vore seint samanlikna med andre år, men det det blir rapportert generelt om seint innsig i Noreg. Hovedinnsiget i Etneelva er venta å koma i juni og juli, og vi håpar på meir enn to tusen villaks totalt, seier styreleder Ingrid Lundamo i felleprosjektet.

Prosjektet skal gi kunnskap som er forventa å kunne få mykje å seie for forvalting av vassdrag med laks og aure i Noreg komande år.

Les også: Ny fangstteknologi for rømt laks testes