Christian Chramer

Ingen planlagde aktivitetar i Vancouver

Organisasjonen Pure Calmon Campign sine planar om å boikotte norsk laks under OL får stor merksemd i norsk presse. Men EFF har ingen planar om å promotere norsk laks under OL i Vancouver.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I fylgje NRK og NTB vil organisasjonane Pure Salmon Campaign og Wild Salmon Circle boikotte norsk laks under OL som startar i Vancouver neste veke. Men Eksportutvalet for fisk (EFF) er ikkje offisielt representert i OL-byen. -Vi har ingen av vår tilsette i Vancouver og planlegg heller ingen aktivitetar eller promosjonar i samarbeid med Noregs Idrettsforbund eller Noregs Olympiske Komite under OL. Det seier ansvarleg for beredskap, Christian Chramer i Eksportutvalet for fisk til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Chramer har ingen spesielle kommentarar til meldingane om at norsk laks vil bli boikotta under OL. Det einaste han vil framheve i denne samanhengen er at EFF respekterar organisasjonane sin rett til å ytre seg og at han reknar med at aksjonane vi vere i samsvar med Canada si lovgiving på dette området. På spørsmål om kvifor ein ikkje nyttar ein type arrangement som OL til å marknadsføre norsk laks svarar Chramer slik: -OL er verdas største kommersielle arena med 12 hovudsamarbeidspartnarar som har heilt andre budsjett å rutte med enn det vi har. Men dersom OL hadde vore i Noreg ville saka stilt seg heilt annleis. Med fjernsynsbilete frå Noreg ville merkevara vore knytt til oppringinga, seier Chramer til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no