
Ingen resistens
Vel 90 prosent av oppdrettsanlegga som behandla med Slice i samband med vinteravlusingskampanjen har hatt god eller middels behandlingseffekt. I tillegg var det heller ingen tilfelle av resistens.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Vel 90 prosent av oppdrettsanlegga som behandla med Slice i samband med vinteravlusingskampanjen har hatt god eller middels behandlingseffekt. I tillegg var det heller ingen tilfelle av resistens. I vinter gjennomførde Mattilsynet den andre av tre samordna avlusingskampanjar i oppdrettsanlegga i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Målet med kampanjane er å verne vill laksefisk mot smitte frå lus i oppdrettsanlegg, seinka resistensutvikling mot midlar til behandling mot lus og minske smittepresset mellom oppdrettsanlegg.
Mattilsynet sitt Regionkontor for Hordaland og Sogn og Fjordane koordinerte kampanjen som vart gjennomført ut frå ei eiga føreskrift.
- Gjennomføringa har gått bra, og både oppdrettarane og Mattilsynet sine inspektørar har gjort ein god jobb, seier koordinator for kampanjen, Hulda Bysheim i en pressemelding.
To behandlingsrundar Vinteravlusingskampanjen var delt i to periodar. I fyrste periode (15. - 24. desember) vart det behandla med Slice. I andre periode (19. januar - 5. februar) vart det nytta badebehandling. Tiltaksgrensa var sett til 0,1 lus uansett stadium i gjennomsnitt per fisk.
Mattilsynet har ført tilsyn på 91 av dei totalt 94 lokalitetane som brukte Slice. Dei som opplevde manglande effekt med Slice har måtta badebehandle.
- Bakgrunnen for den intensiverte kontrollen med behandlingseffekt var å avdekke eventuell nedsett følsemd for Slice, fortel Bysheim.
Gode resultat - Det er viktig å presisere at effekten av behandlinga er vurdert ut frå ei heilskapleg vurdering. Dette er komplekse vurderingar der vasstemperatur, tid etter behandling, fisken sin appetitt i behandlingsperioden, lusetal før og etter behandling og fleire andre faktorar spelar inn, forklarar Bysheim videre i pressemeldingen. Eit anlegg i Hordaland hadde lus med nedsett følsemd for Slice. Denne lokaliteten vart badebehandla med godt resultat.
Ein tendens til redusert effekt av Slice er meldt frå einskilde områder. Mattilsynet forventar at eventuelt nedsett følsemd vert lettare å oppdaga når sjøtemperaturen byrjar å stige og livssyklus hos lusa vert gjennomført på kortare tid.
Våravlusning Vinteravlusingskampanjen vert fylgd opp med ein våravlusingskampanje i det same området i perioden 23. mars til 3. april. Tiltaksgrensa er sett til 0,3 lus same kva stadium i gjennomsnitt per fisk. Val av middel er opp til kvar einskild fiskehelseteneste. Mattilsynet vil føre risikobasert tilsyn i samband med denne kampanjen.
- Ved kvalifisert mistanke om redusert følsemd eller resistens mot eit behandlingsmiddel, vil vi fatte vedtak med krav om direkte fjerning av lus med behandling med eit anna virkestoff, avsluttar Bysheim. Resultata frå badebehandlingsperioden vert publisert når dei er klare.