
Ingen rømte regnbogeaure i vassdraga
Rømt regnbueaure og moglege skadevirkningar på dei ville bestandane av laks og sjøaure har vært eit tema den siste tida. Spesielt etter stormen «Nina», då det rømte 62 441, regnbogeaure fra Sjøtroll Havbruks lokalitet Angelskår i Osterfjorden.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Etter rømminga i Osterfjorden fekk selskapet krav om å drive kartlegging av regnbogeauren vandra opp i elvene, drive utvida gjenfangst i sjøen og også i elvene om naudsynt og mogleg.Fylkesmannens miljøvernavdeling, Sjøtroll og Uni Research Miljø, hadde difor då eit møte for å bli einige om korleis ein saman skulle løyse dette.
Uni Miljø Research har det siste tiåret arbeida med problemstillingene kring rømt regnbogeaure og har gjennomført fleire sjekkrundar etter rømt regnbogeaure i vassdraga ved Osterfjorden. Ei av dei for berre få dagar sidan.
- Det ble dykket i Loneelven, Hauselven, Arnaelven, Haukåsvassdraget (v. Hylkje) og i Dalelva (v. Tertnes). I Lone og Arna ble det denne gangen også dykket langs strekninger og kulper et stykke oppe i vassdragene. Det ble ikke registrert regnbueaure i noen av vassdragene, skrive dei på sine facebook-sider.
Dei posta også ein film(ekstern lenke) frå sjekkrunden i Hauselva, der ein kan sjå eit par store stimer med flotte sjøaureungar.
- Dette illustrerer at også de små vassdragene betyr mye for sjøaureproduksjonen i en fjord. Mange bekker små, påpeikar dei.
Opprettheldt overvåking av elvene
Grunnen til at den rømte regnbogeauren i Osterfjorden vekker ekstra bekymring og har fått strenge pålegg, er at den er vårgytende og kan gjere skade på gytegropene til både villaks og sjøaure. Bestandene i området er også rekna som ekstra sårbare.
Monika Haugland, seniorrådgiver ved tilsynsseksjonen i kyst- og havbruksavdelingen i Fiskeridirektoratte bekreftar at det er gjenfangsta over 59 000 av den rømte fisken, per utgangen av mars.
- Pålegget om å overvåke om regnbogeauren går opp i elvene er også utvida til mai, ettersom vi er usikre på om det kan skje ei endring i adferd på grunn av aukande sjøteperaturar og lengre dagar. Sjøtroll fortsetter også fiske med storruser, informerer Haugland.