Ingen rundormar («kveis») hos oppdrettsfisk
Rundorm, nematodar eller «kveis» er navnet på ei gruppe vanlege parasittar hos villfisk i sjøen. Dersom slike parasittar vert etne og er i live kan dei gi opphav til infeksjonar hos menneske. Parasittane døyr ved koking, steiking, frysing, tørking eller sterk salting. I Noreg må fiskeprodukt som skal etast rå, eller tilnærma rå, vera djupfrosne på førehand. Infeksjonar med nematodar er difor eit lite folkehelseproblem i Noreg. I undersøkinga som er omtala her, kunne det ikkje påvisast nematodar i til saman 1.180 prøvar av oppdretta norsk laks.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Av Bjørn Tore Lunestad Parasittar førekjem vanleg hos fisk, krepsdyr, skjel og andre marine organismar. Brorparten av slike parasittar er ufarlege for menneske. I våre farvatn har ein likevel nokre artar som kan gi folkehelseproblem. Desse parasittane er ein naturleg del av dyrelivet i havet, og har lenge vore kjende. Kan gje sjukdom Frittlevande fiskeslag i våre sjøområde har ofte parasittar tilhøyrande slektene Anisakis, Pseudoterranova eller Hysterothylacium, som alle er rundormar. Slike parasittar går i Noreg under navnet «kveis», og kan finnast på hinnene i bukhola hos fisk og i mindre grad inne i muskulaturen. Desse kan gi infeksjonar hos menneske, som kan visa seg som kvalme, oppkast, magesmerter eller feber. Slike infeksjonar førekjem i land der ein har tradisjon for å eta rå fisk og fiskeprodukt. Lite folkehelseproblem i Noreg Dei norske kvalitetsføresegnene for fisk og fiskeprodukt krev at produkt som er skjemde med parasittar ikkje skal omsetjast. Vidare skal fisk eller fiskeprodukt som skal etast rå, eller i nær rå tilstand, frysast på førehand til ein temperatur på minst - 20°C i minst 24 timar. Etter denne handsaminga vil dei nematodane som eventuelt var til stades vera døde, og ikkje kunne gi infeksjon. Infeksjonar med nematodar er difor eit lite folkehelseproblem i Noreg. I nasjonale og internasjonale fora har det vore diskutert om oppdrettsfisk kan huse slike parasittar. Undersøkinga I eit prosjekt, som vart gjennomførd ved Fiskeridirektoratets Ernæringsinstitutt i perioden frå juni til desember 2001, har ein undersøkt førekomst av rundorm i til saman 1.000 prøvar av filét og 180 prøver av innvollar frå laks oppdretta i Noreg. Prøvane til analyse i dette prosjektet er innhenta av Fiskeridirektoratet sine eigne inspektørar. Som det går fram av tabell 1, representerer prøvane alle aktuelle fylke som har oppdrett av laks. I metoden som vart nytta i denne undersøkinga vart vevet i prøvar på 100 gram brote ned i ei surgjord vassløysing med enzymet pepsin. I løpet av ei natt med røring ved ein temperatur på 40°C, vil blautvev frå fisken gå i oppløysing. Nematodar toler godt tilhøva i magen hos varmblodige dyr, og eventuelle parasittar som var i prøven vil ikkje verta brotne ned. Nematodar vil etter denne framgangsmåten kunne silast frå løysinga med ei finmaska sikt. Ingen nematoder I prøvematerialet som inngjekk i dette prosjektet, kunne det ikkje påvisast nematodar i nokre av prøvane. Dette vert støtta av ande tidlegare undersøkingar som er gjorde på oppdrettsfisk. Mellom anna undersøkte Angot and Brasseur i 1993 3.700 prøvar av laks frå Noreg og Skottland. Metodikken som vart nytta i desse undersøkingane var basert på teljing av dei nematodane ein kunne sjå direkte ved hjelp av godt lys. Når ein nyttar denne framgangsmåten vil ein kunne oversjå nokre nematodar. Våre undersøkingar er i så måte ei sterkare stadfesting på at nematodar ikkje er eit problem hos oppdretta laks. Årsaka Grunnen til at oppdrettsfisk ikkje har nematodar, er at fôret dei får er varmehandsama og difor ikkje kan innehalda levande parasittlarvar. Meir informasjon Meir informasjon om nematodar kan ein mellom anna finna i desse publikasjonane: Angot, V. and Brasseur, P. 1993. European farmed Atlantic salmon (Salmo salar L.) are safe from anisakid larvae. Aqaculture, 118: 339-344. Berland, B. 1961. Nematodes from some Norwegian marine fishes. Sarsia, 2:1-50. Bouree, P., Paugam, A. and Petithory, J.C. 1995. Anisakidosis: A report of 25 cases and review of the litterature. Comp. Immun. Microbiol. Infect. Dis., 18 (2): 75-84. Bristow, G. and Berland, B. 1991. A report on some metazoan parasites of wild marine salmon (Salmo salar L.) from the west coast of Norway with comments on their interactions with farmed salmon. Aquaculture, 98:311-318. Deardorff, T.L., Kayes, S.G. and Fukumura, T. 1991. Human anisakiasis transmitted by marine food products. Hawaii Med. J., 50:9-16. Higashi, G.I., 1985. Foodborne parasites transmitted to man from fish and other aquatic foods. Food Technology, 39: 69-74. Huss, H.H., 1995. Assurance of seafood quality. FAO Fisheries Technical Paper 334, Rome. Karl, H. and Leinemann, M., 1993. A fast and quantitative detection method for nematodes in fish fillets and fisheries products. Arch. Lebensmittelhyg., 44: 105-128. Möller, H. and Anders, K., 1986. Diseases and parasites of marine fishes. Verlag Möller, Kiel, 165-178. Sakanari, J. and McKerrow, J.H. 1989. Anisakiasis. Clin. Microb. Rev., 2 (3): 278-284.