
Ingen tvil om at PD er årsaka
-Fisken i anlegget utafor Senja har også parvicapsula, men det er ingen tvil om at den dør av PD. Diagnosen er heilt eintydig, seier Kjell Nyberg ved Veterinærinstituttet i Harstad.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I ein kommentar til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no i går sa professor Are Nylund ved Universitetet i Bergen at han trur det er parvicapsula som drep fisken i eit anlegg utanfor Senja, og ikkje PD som Mattilsynet og Veterinærinstituttet hevdar. Kjell Nybereg ved Veterinærinstituttet i Harstad er på si side heilt klar på at det er fiskesjukdomen pankreas disease (PD) som er årsaka til at fisken i nokre merdar i anlegget ved Senja har døydd. Han meinar diagnosen er heilt tydelig, men innrømmer også at det er parvicapsela på fisken, slik Nylund hevdar. -Eg har ikkje vore ute i anlegget, men histopatologiske funn tilseier heilt klart at den fisken vi har fått inn her, har døydd av PD. Dei formelle krava til forvaltningsdiagnose er til stades i sin heilskap, så her er det ingen tvil om at PD er årsaka. Men vi har også funn av parvicapsula i materialet, der ein får dei endringane som Nylund beskriv, seier Nyberg til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Nyberg framhevar at det er svært beklageleg at ein har fått PD på eit anlegg utanfor Senja, men han vurderar det som svært uheldig dersom ein spreier usikkerheit om kva som er årsaka til at fisken døydde. -Pankreas disease er ein svært alvorleg smittsam sjukdom som det er svært vanskeleg å bli kvitt, framhevar Nyberg. Les også