
Ingen vedkjenner rømming
Ingen av anlegga i området vedkjenner rømming etter funn av rømt oppdrettslaks i Sjona i Nordland den siste veka.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Lokale fiskarar og sportsfiskarar har fått forholdsvis mykje oppdrettslaks i området, og torsdag hadde Fiskeridirektoratet i Nordland fått melding om fangstar på opp mot 500 fiskar berre den dagen. Har ikkje mista fisk I fylgje seksjonssjef Håvard Dekkerhus ved Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Nordland er det mest truleg at den rømde laksen er frå eit anlegg i regionen, men så langt er det ingen som har meldt om rømt fisk. Nova Sea eig det oppdrettsanlegget som ligg nærast, men dei har ikkje mista fisk. No deltek selskapet aktivt i arbeidet med gjenfangst. Tek DNA-prøvar To inspektørar frå Fiskeridirektoratet er i Sjona for å ta DNA-prøver av den rømde fisken, og av fisk frå oppdrettsanlegga i nærleiken. Målet er å kunne spore den attende til rett anlegg. Dekkerhus er usikker på kva tid ein vil få svar på DNA-prøvene, men håpar det skal vere klart kvar fisken kjem frå før jul.