Antibiotika, legemidler, medisin

Innbrudd hos Marine Harvest

I løpet av helga har nokon stole diverse medisinar og laboratorieutstyr frå Marine Harvest i Osmundsvåg i Vågsøy kommune.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Vi er ikkje sikre på kva tid det skjedde, men det må ha skjedd på eit tidspunkt etter fredag ettermiddag, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt, til NRK Sogn og Fjordane

Politiet har fått inn vitneobservasjonar av to personar i ein kvit, open båt med påhengsmotor, og ber alle som har sett noko om å ta kontakt. Dei har sikra seg spor i saka og avslutta natt til sundag ei undersøking på åstaden.

– Det har vi gjort for å sikre spor til den vidare etterforskinga.