Arkivfoto: Jens Christian Holm.

Innfører krav om biomasse-rapportering

Første januar 2010 blir det krav om biomasserapportering for torskeoppdrett. -Jens Christian Holm i Fiskeridirektoratet trur dette vi gi auka fokus på utvikling av betre teljesystem.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I dag rapporterar ikkje torskeoppdrettarane biomassetal, men frå første januar 2010 kjem biomasserapportering til å bli eit krav i akvakulturføreskrifta for akvakulturanlegg i sjø og for settefiskanlegg. Målsettinga er å få full kontroll over talet på kor mykje fisk som står i anlegget til ei kvar tid og kor mykje som vert overført frå eit anlegg til eit anna. God tid for tilrettelegging Den lange fristen for innføring av kravet er sett fordi både aktørane og forvaltninga treng tid for tilrettelegging. -Både næringsaktørane og forvaltninga skal få tid til å innstille seg på dette. Dei som i dag rapporterar for laks har fôringssystem med rapporteringsmodul som syner talet på fisk i kvar eining, og det kan vel også vere ei god løysing for torskeoppdrett. For forvaltinga inneber dette kravet mellom anna ein del tilrettelegging og programmering i "Altinn", seier Jens Christian Holm i Fiskeridirektoratet til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Produksjonsplanlegging krev nøyaktige tal Holm ser at det kan by på visse problem å få full oversikt over liten torskeyngel, men han meinar uansett at det må bli meir fokus på å ha kontroll over talet på fisk i merdane og at det nye kravet i føreskrifta vil medføre større fokus på å utvikle teknologi som tel fisken meir nøyaktig og på ein skånsam måte. -Det vil heilt sikkert komme ein del problemstillingar knytt til nøyaktigheit for dei minste individa, men det er veldig viktig at det er rett tal når fisken vert overført frå eit anlegg til eit anna. Det gjeld kanskje spesielt overføring til flytande anlegg i sjø. Dessutan vil det jo vere i alle si interesse å ha nøyaktige tal, utan det kan ein jo ikkje drive med produksjonsplanlegging, avsluttar Holm.