Innføring i norsk sjømatproduksjon

Statssekretær Vidar Ulriksen var vertskap då EUs helsekommissær Markos Kyprianou og landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen fekk sjå norsk sjømatproduksjon på nært hald i går.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Med god hjelp frå Kystvakt Nord fekk følgjet sjå produksjonsprosessen ombord i fabrikktrålaren Prestfjord i havet utanfor Vesterålen. Både kommissæren og dei andre hadde høve til å tileigne seg meir kunnskap, og i tillegg bli orienterte om utfordringar denne forma for matproduksjon møter. Ulriksen tok også gjestane til oppdrettsselskapet Nordlaks der norsk lakseoppdrett blei presentert. - Vi oppnådde målet med arrangementa, og eg veit at Markos Kyprianou reiser tilbake til Brussel rikare på kunnskap om norsk sjømatproduksjon, om Kystvaktas evne til oppdragsløysing og ikkje minst om nord-norsk natur, seier statssekretær Vidar Ulriksen i ei pressemelding.