JapanMarket

Inngjekk marint forskingssamarbeid med Japan

Både Japan og Noreg er marine nasjonar med mange felles interesser. Marin sektor og -forsking er temaet for årets Norway-Japan Science Week.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ein forskardelegasjon frå Bergen vitjar Tokyo og The Norway-Japan Marine Science Week 2014. Marin forsking og klimaendringar er nokre av områda der samarbeidet gror mellom landa.

Noel Keenlyside. Foto: UiB

Trygg sjømat, havbruk og andre næringar knytta til ressursane i og frå havet er nokre av temaa på Forskingsveka i Tokyo denne veka. I tillegg er forskning om havrelaterte tema som havis, havforsuring og klimeendringar også på timeplanen i Japan.

Professor Noel Keenlyside frå Geofysisk institutt er ein av forskarane frå UiB som er i Japan, der viserektor for internasjonalisering Anne Christine Johannessen, Eystein Jansen og Are Olsen også deltek.

Keenlyside forskar på korleis havet speler ei viktig rolle i korleis ein forutseia klima og klimaendringar. Han ser på forskingsveka i Japan som eit høve til å promotera norsk forsking og søkja nye samarbeidspartnerar. Han er alt i samarbeid med fleire japanske forskarar.

– Slike samarbeid vil eg gjerne styrka. I tillegg er møtestader som Norway-Japan Science Week alltid stimulerande. Vi deler idear og utvider kunnskapane våre, seier Keenlyside til UiBs heimeside.

Han trur Japan og Noreg har mykje til felles når det gjeld marine interesser.

– Begge er land som er avhengige av og påverka av havet, både når det gjeld klima og næringar som fiske. Eit av måla med å reisa til forskingsveka er å dela metodar og teoriar, og skapa nye samarbeid.