Inspektørane sjekkar matfiskanlegg
Inspektørane frå russiske veterinærmyndigheiter er no ute på eit av matfiskanlegga til Lerøy Aurora for å sjekke slakteklar laks. -Dei er interessert i heile verdikjeda, og dette er ein del av det arbeidet, seier Inger Gunn Sande i EFF til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I dag er dei russiske inspektørane på Lerøy Aurora sitt anlegg i Kåfjord i Troms, og akkurat no er dei på eit matfiskanlegg i Kågen på Skjervøy for å vurdere laks som skal slaktast om fjorten dagar. -Russarane har kome med ein del ønskjer i tillegg til det vi viste på førehand, og no arbeidar vi med å oppfylle desse ønskja. Logistikken i Nord Noreg er utfordrande, men vi gjer alt vi kan for å få det til, seier Sande. Oppsummering med myndigheitene Når inspeksjonsrunda som etter planen skal vere ferdig rundt den åttande august er over, er det planlagt eit møte mellom russiske veterinærmyndigheiter og norsk myndigheiter. Og dersom alt går etter planen så kjem Jevgenij Anatoljevic Nepoklonov som er den øverste leiaren for russiske veterinærmyndigheiter til Noreg for å delta på dette møtet. Men Sande framhevar at det enno ikkje er sikkert om ein får dette til. Har mykje kunnskap Sande seier vidare at dei russiske inspektørane er svært kunnskapsrike, omgjengelege og positive. Dei lika seg også svært godt i Nord Noreg og tek masse bilde av naturen.