
Inspiserar dei fleste lakseanlegga etter jul
Den russiske veterinærtenesta vil truleg gjennomføre dei fleste inspeksjonane av tilverkingsanlegg for laks og aure over jul. Men nokre kan få besøk tidlegare.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I fylgje Henning Osnes Teigene i Mattilsynet er det realistisk at dei fleste tilverkingsanlegga for laks og aure som ønskjer å eksportere til Russland blir inspisert i januar og februar. Men dersom det er mest praktisk kan nokre av desse anlegga få besøk av Den russiske veterinærtenesta i samband med inspeksjonar av pelagiske anlegg no i haust. Så langt er det 40 tilverkingsanlegg for laks og aure som er registrert på lista over anlegg som ønskjer å eksportere til Russland. Eksportutvalet for fisk skal organisere teikningsrunda for nye anlegg og i den samanheng vert det sett ein frist for registrering i denne omgang.