
Inspiserar etter russisk regelverk
Heretter skal Mattilsynet gjennomføre inspeksjonar for Den Russiske Veterinærtenesta i norske produksjonsbedrifter. -På ein del områder er regelverket likt, men vi har også ein del ting vi må lære oss, seier Lena Brungot i Mattilsynet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Det er no endeleg bestemt at Mattilsynet får utføre inspeksjonar hjå norsk produksjonsselskap som ønskjer å eksportere laks og aure til Russland. Inspeksjonane skal gjennomførast etter russisk regelverk, og det er den Den Russiske Veterinærtenesta som skal dele ut tillatingane. Mattilsynet føreslår no å opprette eit nasjonalt ekspertteam som er ansvarleg for å førebu, organisere, gjennomføre og fylgje opp inspeksjonane. -Vi trur det er viktig at det er faste folk som gjer dette arbeidet, seier Lena Brungodt i Mattilsynet og legg til at dei som skal gjere jobben må sette seg grundig inn i det russiske regelverket og kva som er forskjellig frå det regelverket som tilsette i Mattilsynet arbeidar ut frå til dagleg.
Ikkje så store forskjellar Brungot og dei andre som jobbar med dette i Mattilsynet har akkurat starta arbeidet med å lære seg russisk regelverk, men etter det ho har lært så langt er ikkje forskjellane så veldig store. -Det kan eksempelvis handle om at russisk regelverk krev gjerder rundt bygningar der vi kanskje aksepterar grundig skilting og låste dørar for å stenge ute uvedkomande, seier Brungot til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Etter inspeksjonen skal Mattilsynet gi sine råd til Den Russiske Veterinærtenesta og Brungot tolkar denne avtalen som eit teikn på at det er oppretta eit tillitsforhold og at russiske inspektørar vurderar arbeidet som Mattilsynet gjer, som tilfredsstillande.
Startar før sommaren Mattilsynet legg no planar for gjennomføring av inspeksjonane, og Brungot reknar med at inspeksjonsteamet startar arbeidet før sommaren. -Eg veit ikkje kor mange vi rekk over no i vår, men vi skal komme i gang, seier Brungot og legg til at bedrifter som ønskjer å bli inspisert vil få sjansen til å sette seg på liste når planane er klare.