Installerte nytt overvakingssystem på alle anlegg

K. Strømmen har fått på plass overvakingssystemet som har auge både over og under havoverflata

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

32 einingar er montert for å halde auge med oppdrettsanlegga. Eit eige link system er på plass for å ha førsteklasses kvalitet på bilda, meldte Firdaposten i slutten av forrige veke.

– Vi har oppgradert både båtar og anlegg, og no har vi fått på plass eit nytt overvakingssystem, som er ei kraftig oppgradering for oss. Alt vert større, og vi har fått fleire krav til oss i næringa. Dette er jo eit kjend overvakingssystem på andre anlegg, som har vore på marknaden i 10 år, seier driftsleiar Rustan Lindqvist.

Med den nye høghastigheits linken vert signala frå kvar av anlegga sendt med antenner til kontoret i Rugsund.

– Vi kan sitje her og følge med på kva som skjer ute på anlegga, over og under vatn. Og korleis fisken oppfører seg under forskjellige temperaturforhold. Også ute på anlegget har dei full oversikt til alle anlegga, seier Lindqvist.

Potensial på betra forutnytting er kring fem prosent. Ein kan og sjekke nøtene, og følge med på død fisk i merdane.

– Laksens appetitt varierar med temperaturen i havet. Vi kan følge med på korleis fisken èt under fôring, og justere fôringa utifrå dette. Mellom anna å fore meir når forholda tilseier det, seier han.