Baard Baik

Interesse for konsesjonane i Finnmark

Baard Baik i Fiskeridirektoratet i Finnmark er svært positiv til engasjementet rundt konsesjonane i Finnmark den siste tida, men han er bekymra for smoltsituasjonen i fylket.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit
For nokre veker sidan kunne Fiskeri- og kystdepartementet melde at dei ti laksekonsesjonane som har vore lyst ut fleire gongar i Finnmark utan å bli omsett, no skal lysast ut på nytt. Og onsdag denne veka vart det kjent at Volden Group AS i Alta har kjøpt dei ni konsesjonane til Marin Harvest i Hammerfest. I tillegg er selskapet interessert i å kjøpe lakseslakteriet, men dette vert ikkje klart før neste veke. I ettertid har det også kome fram at Polarlaks AS i Hammerfest kunne tenkt seg konsesjonane til Marine Harvest.
-Etter ei turbulent tid for oppdrettsnæringa i Finnmark, er det positivt at vi har fått eit engasjement rundt konsesjonane. Då tenkjer eg både på interessa for å kjøpe Marin Harvest sine konsesjonar i Hammerfest og at dei ti konsesjonane som ikkje vart omsett i førre runde, no skal lysast ut på ny, seier Baard Baik i Fiskeridirektoratet i Finnmark.
Men Baik legg til at smoltsituasjonen i Finnmark er vanskeleg og han er bekymra for om det er nok smolt tilgjengeleg både til nye konsesjonar og til utsett på dei eksisterande som ikkje har vore i drift dei siste åra.
Volden utvidar i Laksfjorden
For å kompensere litt for smoltmangelen skal Volden Group AS utvide anlegget i Laksfjorden, men dette er likevel ikkje nok til å dekke behovet.
-I dag vert det produsert omlag to millionar smolt ved Ishavssmolt i Laksfjorden, og etter utvidinga vil anlegget ha ein kapasitet på å produsere i overkant av tre millionar smolt, seier Håkon Volden til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Men Volden framhevar at selskapet skal skaffe seg fleire avtalar om kjøp av smolt i tilegg til eigen produksjon og eksisterande avtalar.
Slakteriverksemda
Etter det vart kjent at Volden Group AS vurderar å kjøpe slakteriet til Marin Harvest i Hammerfest har det vore spekulert i om det eksisterande anlegget på Simanes i Alta skal leggast ned.
-Planen har heile tida vore å bygge ut på Simanes, men vi kan berre drive på eit anlegg, seier Håkon Volden til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.