
Interessert, men avventande til CO2 reinsing
Nyttårsmøte:- Interessant, men det er også grunn til å vere avventande. Det var politisk rådgjevar Martin Henriksen sin kommentar til påstanden frå Ole Torrisen ved Havforskingsinstituttet om at havbruksnæringa reinsar like mykje CO2 som 0,5 Mongstadanlegg.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Professor Ole Torrissen ved Havforskingsinstituttet sa sist veke til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at næringssalta som kjem frå norske oppdrettsanlegg bidreg gjennom økt fotosyntese til å binde 0,5 millionar tonn CO2, tilsvarande 0,5 Mongstadanlegg.
Binding av CO2 på denne måten kan ha stor effekt for å gi eit betre klima, men sjølv om den politiske leiinga i Fiskeri- og kystdepartementet er interessert i saka, så var det ingen teikn til begeistring då Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no presenterte den for politisk rådgjevar Martin Henriksen. - Det er ei veldig spanande betraktning som vi vil sjå nærare på, men vi veit altfor lite til å sei noko bastant om det, sa den politiske rådgjevaren.
Medaljen kan ha ei bakside For Henriksen var dette heilt nytt og han var veldig opptatt av at ein må ha eit svært godt fagleg grunnlag dersom ein skal gjennomføre tiltak for å auke produksjonen av algar. - Det kan jo tenkast at vi har ei bakside av medaljen eksempelvis overgjødsling, og utsleppa må jo ikkje gi negativ miljøpåverknad, seier Henriksen.
Vurderar aktiv gjødsling Havforskingsinstituttet har føreslått for fiskeri- og kystdepartementet at det skal settast i gang aktiv gjødsling av kyststraumen for å binde CO2. Og dette i fylgje Henriksen no bli vurdert.