
Investerar 1 million i gnagtryggleik
Havlandet Havbruk AS har no to matfiskanlegg i sjøen av ni torskekonsesjonar. Dei har valt å utstyre desse anlegga med gnagtrygge nøter, til tross for at desse er tre gonger dyrare enn vanlege nylonnøter.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Ja, det er dyrare med Plexusnøter. Men det er dyrt med rømming og svevnlause netter òg, seier dagleg leiar Bjørn Lillelien.
- Oppdrett av torsk er ein ekstremsport i forhold til anna oppdrett. Torsken har eit heilt annleis handlingsmønster enn for eksempel laksen. Eit svært vanleg problem er at den gnagar systematisk hol i nota. Difor valte vi no å bruke Plexusnota frå Mørenot, på bakgrunn av dei gode erfaringane dei og andre oppdrettarar har hatt med den. Vi vil fortsette å bruke den på dei neste anlegga våre, sidan den er best på marknaden no. Men vi vil fortsette å følgje med på utviklinga av rømmingstrygge nøter.
Null hol
Oppdrettsansvarleg ved Mørenot, Dag Davik, er glad for å kunne utdjupe eigenskapane til Plexusnota:
- Plexusnota er ei blanding av Dyneemafiber og polyester. Vi har tilsett polyester for å presse prisen ned. Dyneemafiberet er tidlegare brukt til å lage spesialtau, sidan det er veldig slitesterkt. Problemet med torskegnaging gjorde at vi byrja med forsøk med Dyneemanøter i mai 2003. Då sette vi ut to nøter; ei med Dyneemafiber og ei med nylon. I løpet av 6 - 7 månadar hadde nylonnota 8 - 9 hol, som leia til eit svinn på rundt 30 %. Halvparten av desse var på grunn av gnaging. I Dyneemanota har det enda ikkje vore hol. Vi har faktisk ikkje hatt gnagehol på nokon av Plexusnøtene vi har levert; nesten 60 til saman.
Davik meiner det er eit stort potensiale for denne nye generasjonen av nøter med Dyneemafiberet, som er 15 gongar sterkare enn stål. I følgje han har den lengre levetid og toler betre vasking og spyling enn nylonnøter. Han trur òg at det vil verte enda meir populært når dei byrjar å få att resultat og tal frå nøtene dei allereie har selde.
Med torsk som formål
I mai 2000 etablerte INC-gruppa selskapet Havlandet Havbruk AS, som har som formål å drive oppdrett av torsk som matfisk. Men INC såg at det var vanskeleg å skaffe seg settefisk av torsk i marknaden, og bestemte seg for å investere i eit eige produksjonsanlegg for yngel og settefisk av torsk. Dermed vart Havlandet Marin Yngel AS starta som eit dotterselskap av Havlandet Havbruk i september 2000. Havlandet Marin Yngel fekk konsesjon på produksjon av inntil fem millionar individ av torsk. Produksjonsanlegget stod ferdig i april i fjor, og selskapet gjekk då i gang med prøveproduksjon av torskeyngel.